Litt informasjon om jaktprøver i Hordaland Elghundklubb.

 

Litt informasjon om jaktprøver i Hordaland Elghundklubb.

HEK har over tid jobba for å auka interessa for bandhund – og jaktprøver – gjennom å arrangere blant anna bandhundkurs og samlaprøve. Responsen på dette har vært enorm. Mange av dommarane våre står på for å ta unna, og me i styret vil være takknemlege for enda fleire dommarar og utdanna dommarar tar unna og tar ein tur i skogen med ekvipasjar som vil bli vurdert. Ei omtrentleg oversikt er at det er gått i ca 20 dagar i skogen i år – og at det er (ein og to dagars) påmeldt over 60 prøvedagar( 2 dags prøver = 2 dagar i skogen).

Styret er takksame for dommarar som tar initiativ til å dømme nokre dagar i skogen – og samstundes så ser me at våre jaktprøver i Hordaland er så eksklusive at det må dessverre forventast noko venting no med denne interessa. Det er ikkje morosamt å avvise folk – men det er morosamt at det er så stor interesse for å gå prøver i vårt område.

Ber om forståelse for dette – og håper me klarer å komme så mange som mogeleg i møte.

Mvh

Dag Gjerde

Leiar og jaktprøveleiar i HEK