Utstilling på Seimsfoss 11.mai 2019

 

Så var årets utstilling utstilling i Kvinnherad unnagjort.  Mange møtte opp alt på fredagen for å få  med ringtreninga. Her vart det gjeve gode råd og vink om oppførsel og sosialisering av hundane.  Det var 20 ekvipasjar til stades og god stemning.  Klubben stilte med vaffelsal og kaffi.  Mange hundar hadde sikkert godt av den sosiale treninga i forkant av utstillinga.

På laurdag var det relativt kaldt i været, men det var berre ein fordel for hundane. Totalt var det påmeldt nesten 60 hundar, derav 5 grå og 55 svarte elghundar. Det var mange hundar som fekk gode kritikkar, særleg drog dommaren fram tispeklassen, som var den beste han nokon gong hadde dømt.  Ikkje verst!
Nokre kjente fjes pregar toppen av resultatlista. Vossasvartens D Alfa er ein kjent namn i toppen, og vart også i år beste hannhund. Han vart tett følgt opp av «årets elghund i Hordaland» ,Custer, med eigar Frode Hernes, og årets elghund i Vest Agder, Rocky med eigar Berit Helland.  – Dei to sistnemnde, er også hundar me har godt håp om å sjå i årets NM-konkurranse i bandhund.  Det vert spennande å følgje både fine hundar og dyktige førarar framover.

Også i tispeklassen var det mange fine hundar. Det kan nemnast at det både i hann,- og tispe-unghund-klassen var stor påmelding, noko som er svært gledeleg. (12 tisper og 14 hannar) Beste tispe vart Børvelia’s R-Fauna med Anita Lie som eigar. Børvelia’s Pippi kom på andre plass og er eigd av Anita Lie og Lars Johan Ekeland.

Det er kjekt å sjå god steming og veldig god dugnadsånd frå gjengen som arrangerer utstilling.  Nytt av året var sal av eit utvida sortiment av klubb-effektar og innandørs kafé.  Klubben takkar elles alle som støtta oss med loddsal!

Med deltakarrekord,  godt vær og god stemning seier me oss svært nøgde med årets arragement.

Klubben er i godt driv  – mykje kjekt som er i emning  – no står kurs i bandhund og snart jaktprøvesesong for tur.

Resultatliste

Litt bilder fra utstillingen: