Samlaprøven i HEK 2019

Samlaprøven i HEK 2019

 

Samlaprøven var vår var eit godt arrangement i fjord  – i år har ikkje alt gått like godt på skinner. Me har hatt godt med jaktprøver i sommarsesongen  – og hatt mange dommarar som har gjort ein strålande jobb med å dømme ekvipasjar.  Dette set styret stor pris på.  Påmeldinga og tilgangen på dommarar denne helga samlaprøven er satt opp på har ikkje samsvare heilt i år.  På grunn av dette må me dessverre avlyse samlaprøven sånn den vart arrangert i fjord.   Me skal prøve å få brukt dei dommarane som har sagt seg villige til å dømme  – samt ta omsyn til dei påmeldt og ikkje mist til ekvipasjar som står på vent på å bli dømt denne helga.  Her må me gjere ei prioritering.

 

Hordaland er ein populær region å gå jaktprøver og mange søker til vår region for å få vurdert hundane sine.  Dette skal vi være glade for – me har eit attraktivt prøveprogram hos oss.  Det skal være stas å gå jaktprøve i Hordaland.  Dette håpar me å utvikla også i åra som kjem.

 

Dei påmeldte vil bli kontakta så fort som me få lagt kabalen – og håpar på mange fine opplevingar i skogen no i august og fram mot jaktstart.    Bandhundjakt er moro  – og jaktprøve er ein utmerka måte å lære seg dette samspelet.

Styret ber om forståelse for dette og håpar å komme så mange hundeførar i møte – og skal jobbe for ei god gjennomføring av jaktprøvane også utover hausten.

 

MVH

Styret.,