Rekorddeltaking på utstillinga i Kvinnherad

 

Flott utstilling i Kvinnherad for Hordaland Elghundklubb

IMG_9238

Over: BIS 2  Power av Gausbu og  Stein Frantzen, Dommer Frank Christiansen og BIS Børvelias Lilo, og oppdretter Anita Lie

Hordaland elghundklubb har mykje å gleda seg over etter helga. Høgdepunktet var utstilliinga på laurdag der me hadde rekordpåmelding med heile 60 påmelde hundar. Av desse var 45 svarte elghundar. I følgje dommar Frank Christiansen var dette tidenes høgaste tal svarthundar på ei og same utstilling!

IMG_9201

For oss som arrangør er dette svært gledeleg. Sjølve utstillinga enda med lokal ”storeslem” til oppdrettar Anita Lie. Ho stakk av med både BIS og BIM med henholdsvis Børvelias Lilo og kullsøster Børvelias Lexi. I tillegg vann ho oppdrettarklassen der også Tore Storhaug deltok. Begge fekk imidlertid HP og flott omtale av dommaren. Kvaliteten på hundane som vart utstilte var jamt over svært god og fleire fekk utdelt CK og cert.

IMG_9215  IMG_9210

Det var som venta stor deltaking av svarte elghundar, men det stilte og hundar av andre rasar innan elghundgruppa. Me hadde deltakarar med grå elghund og i tillegg Jamthund, Svensk elghund kvit og Vestsibirsk Laika. Det er kjekt at fleire av elghundrasane vert representerte sjølv om me er på vestlandet! Under er dei viktigaste resultata:

BIS og BIR NES : Børvelias Lilo, eier Robert Mehl og Monica Solberg

BIM NES: Børvelias Lexi, eier Aslak Ringhus

BIR og BIS2 og Cert,  NEG :Power av Gausbu, eier Stein Frantzen

BIM NEG : Hirvi av Gausbu, eier Stein Frantzen

Cert NES Brukshund Hann: Vossasvartens Draco, eier Terje Gjeraldstveit

IMG_9040

Cert NES Brukshund Tispe: Kita, eier Dag Skår

IMG_9181

BIM og BIR Kvalp NES:  Kullskogens TT Nemi og Kullskogens TT Tara (BIS Kvalp)

IMG_9074

BIR Kvalp NEG : Balder, med eier Beate Hop

IMG_9063

Me vil også nytte høvet til å takke våre sponsorer: FK-Butikken  (Hovedsponsor)     Engevik Byggsenter   Bømlo Hundepensjonat      GalleriE      Byggservice AS     Slangeservice AS       Atle Helland Foto    RHS Stord     Expert Kvinnherad        Kvinnherad Energi

Elles viser me til Dogweb for fullstendig oversyn over rangering og premiering.

Her er litt fleire bilder fra den flotte dagen i Kvinnherad :

IMG_9183IMG_9162IMG_9155IMG_9143IMG_9118IMG_9100IMG_9092IMG_9105IMG_9022IMG_8989IMG_8975IMG_8962IMG_8956IMG_8953