Referat frå Hordaland elghundklubb sin samlaprøve 2018

Den 18.-19. august arrangerte Hordaland elghundklubb sin årlege samlaprøve.
Påmeldinga var rekordstor, og me måtte verkeleg trø til for å skaffe nok dommarar.
Arrangementet fann også denne gongen stad i Kvinnherad, med base på Ternebu, nær Utåker.
På samlaprøvens første dag, deltok i alt 9 ekvipasjar. Konkurransen var hard, og det vart gjort mange gode prestasjonar i skogen.

Dagsvinnar vart Tore Storhaug med Svart Hundens Embla av Aktehaugen. Ekvipasjen klinka like godt til med 100p og full pott. Dommaren fann ingenting å trekkja på den erfarne ekvipasjen.  Hakk i hæl følgde Dag Gjerde med Aurora. Både hund og eigar er svært ferske i «gamet», men presterte likevel å oppnå imponerande 97p. Den siste på pallen på prøvens første dag vart Svart Hundens Pippi med Rune Åsen som førar. Dei oppnådde sterke 88p.

 

Prøven vart både vind,- og regnfull for mange, men alle fekk koma i kontakt med dyr på prøven sin.

Om kvelden var det premieutdeling, sosialt samvær og betasuppe til mat.

Søndagen var været betydelig lettare. Opphaldsvær er alltid kjekt, men denne dagen vart det kanskje meir vindstille enn fleire sette pris på. Overværsarbeid er ikkje lett når lufta står stille.
I alt 8 ekvipasjar stilte til start. Dagsvinnar på prøvens andre dag vart Berit G. Helland med Rocky. Dei oppnådde 91p. Ein sterk prestasjon med ein ung hund og ein fersk hundeførar.  Deretter følgde Jarle Birkeland med Caro av Aktehaugen med 85p. Hakk i hæl kom Terje Vasland med A-Dixie  som fekk 84 poeng.
(Fullstendige resultatlister under artikkelen)

  

Styret i Hordaland elghundklubb gledar seg over den store interessa for samlaprøven vår. Me rettar ei stor takk til Ånund Vaa frå Telemark EHK som hjelpte oss med dømming begge dagane.

  

Heldigvis er me velsigna med mange gode terreng med god «elg»-tetthet, så det er kjekt å kunna tilby deltakarane våre gode muligheter til å bli fullprøvd i alle moment. Håpar elles at deltakarane våre fekk ei god oppleving i Kvinnherad. Me gratulerer alle med flott innsats og flotte resultat!

Til slutt: Under helga arrangerte me i tillegg todagers-prøve for i alt 3 ekvipasjar. Det var med andre ord mange hundar og folk i sving gjennom dei to dagane. Også desse oppnådde gode resultat på prøvane sine.

 

Skrivar.