Ny leiar i Hordaland Elghundklubb

 

 

Vidar overtar etter Vidar 

Ny Leiar i Hordaland Elghundklubb

 

Hordaland Elghundklubb er i dag ein velfungerande organisasjon med solid økonomi. Det trengs både kompetanse og ei stø hand for å “maskineriet” til å fungere, og her har Vidar Hellås vore ein fantastisk god mann for klubben. Den tynste jobben var nok arrangering av NM i 2015, men me landa trygt på føttene med Vidar H ved roret. Me håper me kan fortsette og be om råd og vink sjølv om han ikkje lenger er leiar av klubben. Takk for fantastisk innsats Vidar Hellås.

Påtroppande Leiar har alt vore svært aktiv i Styret i fleire år. Han har blandt anna hatt vervet som nestleiar, og vore primus motor og kurshaldar på det årlige bandhundkurset som me arrangerer kvart år. Styret er ikkje eit sekund i tvil om at leiarvervet er i dei beste hender

 

Skrivar HEK