Bandhundkurs i Tveitedalen

Deltagere: Gisle Ommedal, Kristoffer Norheim, Helene Lindskog, Jostein Lassen, Per Frode Halsnes, Britt Mari Hundebo, Alvin Tveit, Marius Grønlien, Cristian Håland, Roger Thorsen, Stina Nordvik, Øyvind Drange, Oddvar Herland, Audun Østensen, Terje Aleksandersen, Jostein Westerlund, Anders Fløysand, Thomas Kverneland, Lene Gausel, Aud Elin Jensen, Njål Andreas Lyngvær, Reidar Berg, Steinar Fosse, Helge Lien, Signe Kristine Vaa Sollid

Hundeførere og instruktører: Tore Furdal, Vidar Lillevik, Ingeborg Øyna, Anita Lie, Lars Henrik Skogtun, Kjell-Rune Gausvik, Åsmund Hjelmeland, Atle Helland, Vidar Hellås, Robert Mehl, Leiv Trygve Varanes, Trygve Øvstebø, Dag Gjerde.

I helga 21.-22, april arrangerte Hordaland elghundklubb bandhundkurs. Heile 25 deltakarar deltok og den mest langvegsfarande gjesten kom frå Trøndelag!

 

Det vart stor interesse og pågang frå mange som ønskte å delta då kurset vart annonsert.  Me måtte jobba litt med å få plass til dei siste, mellom anna slik at alle fekk vera med på den praktiske delen ute i skogen. (Det er ikkje godt å leita etter hjort om det går for mange i lag).

I alt 13 av klubben sine medlemer deltok under dugnaden. 

Kurset var lagt til Tveitedalen i Kvinnherad, der det er mulighet for overnatting og god plass til å lufte hundar like utfor døra.

Forutan mykje stoff om bandhundjakt og trening, vart det også teke opp ei rekkje tilgrensande emne. Mellom anna avl, utstilling, jaktprøvar, blod,- og fersksporprøvar og tips om bruk av klær og  utstyr.

 

 

 

 

 

 

På laurdagen var det først ein lengre teoridel før deltakarane vart med på praktisk trening og rettleiing i bruk av bandhund ute i terrenget. Dei fleste ekvipasjane fekk observert dyr, og fekk dermed eit visst innblikk i korleis ein kan jobba med hund på jakt. På søndagen var det endå meir teori samt oppsummering av erfaringar frå den praktiske delen.  Mellom øktene var det rom for å diskutere og kommentere dei ulike emna. Me gledde oss over svært engasjerte og interesserte deltakarar, og det vart også mykje god hundeprat utforbi i pausane.

Kursleiar var Vidar Lillevik, som er  nyvald formann i HEK.

På laurdagskvelden var det dessutan sosialt samvær med middag som bestod av marinerte lammelår med båtpoteter, smørdampa grønsaker og saus. Dag Gjerde stod for matlaginga og han hadde med seg dottera Malena som assistent. Lammelåra vart tilberedde i kokegrop ute og smaka fortreffeleg. Kake og kaffi til dessert.

HEK takkar alle deltakarane for ei kjekk helg, og håpar at alle fekk med seg kunnskap og erfaringar som kan vera til nytte i arbeidet med eigen hund framover