Den ufarlige jaktprøven

 

 

Den ufarlige jaktprøven

Foto: Ingeborg Øyna

 

I fjor sommar fekk eg kvelpen min i hus,  min første – familiens 4 svarthund  – gjennom året som har gått skulle eg gjere alt perfekt – få ein god og lydig familiehund og ein topp jakthund.  Motivasjonen var på topp på alle områder. Me trena  – gjekk spor – la ut blodspor og leste, såg på youtube  – har vore på bandhundkurs og sett på kor alle lukkast i sosiale medier.   Så kom linken frå HEK om jaktprøver –  eg meldte meg på – nå skal det terpes på detaljer – oppførsel ved søk  – evnen til å finne hjort  – oppførsel ved innpå stilling – oppførsel ved syn / kontakt med hjort og sporing.  Dette er dei fem elementa ein skal dømme hunden etter.   Inni mitt hovud og på film gjekk jo dette nesten på skinner….

 

Eg trena – og trena – me gjekk på innmark og fekk inn så mange element som mogleg – med så mykje trening må det jo berre bli topp resultater trudde eg då .  Dette kunne ikkje gå anna en berre bra.  Spent var eg den dagen prøven skulle gås.  Var det mogeleg å få vist dette til dommaren ?

 

Føler meg så klar no at eg tar turen inn i godt etablerte og tjukkaste elghundskogen i Engerdal for å vise meg fram på sjølvaste Engerdalsprøven .  Me har det jo inne det har me jo vist for oss sjølve på skogen…  Resultat – ein dag med mykje fine opplevingar og  rot med hunden (2.premie) – og ein dag utan å finne noko som helst.  Med andre ord – ein stor skuffelse –  men masse inntrykk – gode diskusjonar – nye vener – og flotte inntrykk i storslått natur.   1450 kilometer i bil – 12- 14 timar i skogen – skuffelsar med hunden til tross.  Det var verdt det .  Dommarer som følger deg i 6 timar og gir deg konstruktive tilbakemeldingar.  Bandhundprøve er ein fantastisk arena for å lære seg å bli betre.  Å ha framgong og bli betre er noko me alle liker trur eg.

 

No har eg gått 4 jaktprøver –  og sjølv om 2 av dei har vore utan å finne dyr – har alle gjort meg til ein meir erfaren hundefører  enn kva eg har lært dei siste 10 åra kun bak min eigen hund. Det så mykje bra folk og dommarar der som har så mykje erfaring .   Dei hjelper meg og gir meg tilbakemeldingar på ting eg ikkje evner å sjå sjølv.

Det  er så mykje å lære – så mykje folk med så mykje erfaring som bruker 6-7 timer i lag med deg for å vurdere hunden din . Kanskje til og med  motstridane tilbakemeldingar  -men det må vi nå berre ta med oss, finne ut av sjølve.  Dommarane fortenar ei stor takk for den jobben dei gjer for å løfte kunnskapen for oss utan erfaring.

Så min oppfordring er – uansett om du ikkje har erfaring – trur du kan – trudde du ikkje kan – tenker at dette er for de vidarekomne – uansett – prøv nokre jaktprøvar med hunden din – det verste som kan skje er at du har lært noko .

 

Dag Gjerde